Eltryggleik


Kven har ansvar for kva? 

Huseigar er sjølv ansvarleg for at det elektriske anlegget og det elektriske utstyret til ei kvar tid er i forskriftsmessig stand og at det vert brukt rett.

Voss Energi har normalt ansvaret for el-anlegget fram til huset, medan alt på innsida av huset er huseigars ansvar. Voss Energi er pålagde å føra tilsyn med alle el-anlegg innafor sitt forsyningsområde.

DLE rappporterer resultat av tilsyna til DSB.

I menyen til venstre finn du meir informasjon om eltryggleik og tilsyn.

DLE

Generelt om Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE)

DLE er ein del av nettselskapet. Fagleg er DLE underlagt «Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap» (DSB).

Voss Energi er pålagde å føra tilsyn med alle elanlegg innafor sitt forsyningsområde. Det er (DSB), som legg føringar på kva tilsyna skal innehalda. DLE rappporterer resultata av tilsyna til DSB.

Oppgåver DLE utfører

  • Kontroll av el-installasjonar og elektrisk utstyr i private husstandar, landbruk, verksemder, m.m.
  • Systemrevisjonar av elektroinstallatørar.
  • Systemrevisjonar av internkontrollsystem i verksemder som t.d. produksjonsbedrifter, verkstader, helseinstitusjonar, eksplosjonsfarlege område, m.m.
  • Marknadskontrollar.
  • Informasjon om el-tryggleik til kundegrupper. 
  • Revisjon og verifikasjon av internkontroll som omhandlar elektriske installasjonar og elektrisk utstyr.
  • Deltek i brannetterforsking.

Lover og forskrifter

Formelt er DLE sitt arbeid er forankra i Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr med føljande forskrifter.

  • Forskrift om elektriske lågspenningsanlegg
  • Forskrift om elektrisk utstyr
  • Forskrift om utstyr og sikkerhetssystem til bruk i eksplosjonsfarleg område
  • Forskrift om registrering av verksemder som prosjekterer, utfører og vedlikeheld elektriske anlegg
  • Forskrift om kvalifikasjonar for elektrofagfolk
  • Forskrift om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg
  • Forskrift om utstyr og sikkerheitssystem til bruk i eksplosjonsfarlig område
  • Forskrift om bruk og vedlikehald av elektromedisinsk utstyr
  • Forskrift om elektriske forsyningsanlegg
  • Forskrift om helse og sikkerhet i eksplosjonsfarlege atmosfærar.

For alle verksemder gjeld i tillegg Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder (Internkontrollforskrifta".

Sjekkliste for eigenkontroll

Nyttig Informasjon

Kva er komfyrvakt? 

https://www.youtube.com/watch?v=0RL-dlJ4-ZM

  • Tørrkoking på komfyr, er den største brannårsaka relatert til elektrisk årsak.
  • For å unngå brann på komfyren, monter komfyrvakt.


Tips til lading av elbil/hybridbil

 For å lade elbilen på ein trygg måte, monter eigen ladestasjon.

Etter lading, ta alltid ut støpsel/kontakten i bilen fyrst. (Dette fordi det er ein brytar i kontakten på elbilen som bryt ladestraumen før støpsel vert trekt ut).

Undersøkingar som er utført  viser at dersom du lader elbilen i vanleg stikkontakt, er det stor fare for  varmgang med tilhøyrande brannfare dersom ladestraumen er over 10 Ampere (A).
Undersøking viser at ladestraumen bør ikkje vera over 8 A.

Reglar for lading av elbilar.

Stikkontakt for lading av elbil skal vera på eigen kurs/sikring, sikra med maks. 10A.
Kurs/sikring skal vera beskytta med jordfeilbrytar type B med maks utløysestraum 30 mA.
Det skal vera montert hylle eller krok for å avlasta «unit» på ladekabel.
Det bør vera montert overspenningsvern på kursen/sikringen.

Dette har du lov å gjera sjølv

Utbetringar, nye anlegg etc er det godkjent installatør som skal utføra. 
Følgjande kan du likevel gjera sjølv:

  • Montera og skifta varmeomnar dersom dei har leidning med støpsel.
  • Kopla til, eller skifta topolt (einfasa) støpsel på skøyteleidning til og med 25 A, med og utan jording.
  • Kopla til, eller skifta topolte skøytekontaktar, apparatkontaktar og montera leidningsbrytarar.
  • Kopla til lampettar, bordlamper etc. med bevegelig leidning og montere leidningsbrytararar.
  • Kopla til og skifta lampar som heng i tak-krok eller liknande og er tilkopla med støpsel/stikkontakt. Det må vera strekkavlastning på sjølve leidningen slik at leidningane ikkje vert fysisk belasta. Dette gjeld ikkje i dei tilfelle lampane er å betrakta som ein del av den faste installasjonen, dvs. lampen er festa til underlag med skruer.

Dette kan du kontrollera sjølv:

  • Inntakssikringane er som oftast montert der jordkabel eller luftlinje kjem inn i bygningen.
  • Inntakssikringane skal ikkje vera unormalt varme.
  • Spenningsførande delar ved inntak skal vera skjerma mot tilfeldig berøring.
  • Sikringar i sikringsskåpet skal ikkje vera unormalt varme.
  • Dersom sikringen ofte koplar ut, tyder dette på at det er for stor belastning på denne kursen.
  • Kontroller at skrusikringar er godt tilskrudde.
  • Det skal ikkje oppbevarast brennbart materiale eller uvedkommande ting i sikringsskåpet.
  • Spenningsførande delar i sikringsskåpet skal vera skjerma mot tilfeldig berøring.
  • Kontroller at varmeomnar ikkje er dekka til av gardiner eller andre gjenstandar.
  • Kontroller at veggomnar er godt festa.
  • Kontroller at tørkestativ eller klessnor ikkje er plassert nærare omn enn den avstanden som er påstempla omnar på bad og vaskerom.
  • Kontroller at det ikkje er brukt større lyspærer enn det som er påstempla lysutstyret.
  • Kontroller at sengelampar og varmeomnar på barnerom er skikkeleg festa til veggen.
  • Kontroller at TV-apparatet er avslått med brytaren når det ikkje er i bruk.
  • Kontroller at støpslet til kaffitraktar, brødristar, vasskokar er teke ut etter bruk.
  • Kontroller at kokeplater på komfyren alltid vert slått av etter bruk.
  • Sjå etter at det ikkje er synlege feil og manglar på installasjonar og utstyr.
  • Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel utan tilsyn.
  • Unngå utstrakt bruk av skøyteleidning.
  • Elektrisk utstyr som vrt brukt utandørs skal alltid tilkoplast jorda stikkontakt.
  • Utan forvarsel kan ulykker ramma deg og dine næraste. Montering av jordfeilbrytar og overspenningsvern er ei god forsikring for å sikra bustaden mot brann og berøringsfare.
  • Jordfeilbrytaren og overspenningsvernet vert montert i sikringsskåpet. Den koplar ut straumen om det oppstår jordfeil.

Dersom det vært avdekka feil eller mangel på det elektriske anlegget, må desse utbetrast av installatør.

Du kan kontakta oss for avtale om kontroll.

Internkontroll

Alle verksemder er pålagt å ha eige internkontrollsystem som omfattar mellom anna, dei elektriske installasjonane og det elektriske utstyret.

Internkontrollsystemet skal skriftleg dokumentera:

  • Kva mål verksemda har for helse, miljø og tryggleik.
  • Korleis verksemda er organisert, korleis ansvar og oppgåver innafor HMS er fordelt.
  • Kartlegging og vurdering av risiko (brev, rapportar, måleresultat og liknande).
  • Kva som skal gjerast, kor tid/ofte og av kven (handlingsplan).
  • Rutinar for handtering av feil og manglar.
  • Korleis HMS-rutinane vert evaluerte for å sikra at de fungerer etter føremålet.

Internkontrollsystemet skal tilpassast verksemdas storleik og virkeområde.

Internkontrollforskrifta finn du her: "Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter".

Korleis laga eit HMS-system.

Kontroll

DLE gjennomfører kvart år kontrollar av elektriske anlegg i bustader, hytter, driftsbygningar, mm.

Det er ein stor fordel at eigar/brukar deltek under kontrollen. Dette for å kunne gje informasjon om eltryggleik, likeins kunna gje forklaring på kva som er faren med dei avvik som eventuelt vert påpeka.

Vår inspektør vil fylgja leidningsnettet frå inntaket, gjennom sikringsskåpet og vidare frå sikringskursane og fram til tilkopla apparat og utstyr.

Døme under beskriv ein kontroll av ein bustad.

Inntaksboksen:

  • Rette sikringar, ev. varmgang
  • Spenningsførande delar skal vera skjerma mot berøring (at sikringane kan betenast utan fare for straumgjennomgang.)

Sikringsskåpet:

  • Måling av isolasjonsmotstand (jordfeil)
  • Test av jordfeilbrytarar/automatar.
  • Måling av feilstraumar.
  • Korrekt merking og rett storleik på sikringar
  • Spenningsførande delar skal væra skjerma mot berøring (at sikringane kan betenast utan fare for straumgjennomgang.)
  • Kontroll av jording (hovudjord og utjamningssamband)
  • Evt. varmgang, eks. lause tilkoplingsklemmer.
  • At det ikkje er oppbevart brennbart/uvedkomande materiale i sikringsskåpet/tavlerommet.

Den faste installasjonen:

  • Kontinuitetstesting av jording (at jordforbindelsane er i orden)
  • Det skal ikkje vera blanda jorda og ujorda installasjonar.
  • Alle kablar og leidningar skal vera godt festa
  • Kontrollerer at kablar, elektrisk installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har skadar.
  • Kontrollerer at kablar, elektrisk installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har varmgang (t.d. i brytarar, koplingsboksar, stikkontaktar osv. (visuell kontroll).

Tilkopla utstyr:

  • Kokeplater på komfyren skal alltid vera slått av etter bruk.
  • Varmeomnar skal ikkje vera dekka til.
  • Utstyr som trekkjer mykje straum skal ikkje vera tilkopla via skøyteleidning.
  • Varmeomnar og sengelampar på barnerom skal vera festa til vegg.

Sakshandsaming

Saksgangen i ved kontroll og oppfylgjing:

  • Kontrollen varslast på førehand, anten skrifteleg eller munnleg.
  • Dersom det ikkje vart avdekka feil/manglar ved kontrollen, vil dette gå fram av rapporten og saka vert avslutta.
  • Dersom det ved kontrollen vart avdekka feil/manglar, vil kunden verta tilsendt eit varsel om vedtak i lag med rapport som beskriv feil/manglar. På varslet om vedtak er det sett ein frist for tilbakemelding.

Når me har motteke tilbakemelding om retting av feil/manglar, vil me vurdera denne og saka vert avslutta.

I dei tilfelle det vert avdekka alvorlege feil/manglar vil det verta sendt vedtak direkte.

  • Dersom fristen på varselet om vedtak går ut, utan at me har motteke tilbakemelding, vil me gjera vedtak i saka. Vedtaket vil i lag med rapporten verta sendt kunden.

I vedtaket er det sett frist for retting av feil/manglar. Innan denne fristen må også Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE) ha tilbakemelding om at feil/manglar er retta.

Når me har motteke tilbakemelding om retting av feil/manglar, vil me vurdera denne og saka avslutta vert.

  • Dersom kunden ikkje føljer opp vedtaket innan fristen, vil det verta utsendt purring på vedtaket, med frist for tilbakemelding.
  • Dersom kunden ikkje føljer opp purringa vil eit av alternativa verta vurdert sett i verk:
    • Alternativ 1, saka vert sendt over til Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) for vurdering om tvangsmulkt med heimel i lov av 24.mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.
    • Alternativ 2, Dersom vidare drift av dei feila/manglar som vart avdekka ved kontrollen inneber fare, kan anlegget verta fråkopla.

Farlege produkt

Her er ei oversikt over farlege elektriske produkt:

DSB - farlege produkt



Sjekk din varmtvassbredar

OSO Hotwater  ynskjer at alle som har OSO varmtvassbredar som er produsert  mellom 2009 og 2011, kontrollerer desse for varmgang i kopling.

 

Brannfarlige varmtvasssbredarar

Beredartype Produktnr. Produksjonsnr. (Fra-til)
Super S 120 - 2 kW 8 000 501 01/04/2010 31/01/2011
Super S 200 - 2 kW 8 000 502 01/04/2010 31/01/2011
Super SE 200 - 2 kW 8 000 516 01/04/2010 31/01/2011
Super SX 150 - 2 (+2) kW 8 000 601 01/04/2010 31/01/2011
Super S 300 - 3 kW 8 000 503 01/06/2009 31/12/2010
Super SX 200 - 3 (+3) kW 8 000 602 01/06/2009 31/12/2010
Super SX 300 - 3 (+3) kW 8 000 603 01/06/2009 31/12/2010
Super SC 150 - 3 kW 8 000 801 01/06/2009 31/12/2010
Super SC 200 - 3 kW 8 000 802 01/06/2009 31/12/2010
Super SC 300 - 3 kW 8 000 803 01/06/2009 31/12/2010

Slik kontrollerer du om dette gjeld din varmtvassbredar.
Sjå merkelapp på toppen av varmtvassbredar, under eit grått avtagbart lokk. Dersom produktnummeret stemmer med nummer som er lista tabellen over, send produktnummer, produksjonsnummer, namn, adresse og telefonnummer på e-post til 
ledning@oso.noEller ring verksemdas servicesenter på tlf. 32256520.



Jordfeil

Har du jordfeilbrytar som slår seg ut kan du følgja framgangsmåten som punkta beskriv for å finna kva kurs som har jordfeil.