Framsida > Informasjon > Aktivitet langs linjenettet

Aktivitet langs linjenettet


All aktivitet langs straumførande linjenett krev tryggleikstiltak.

  • Driv du anleggsverksemd er det visse omsyn å ta.
  • Driv du luftsport anten som kitar, paraglidar eller som fallskjermhoppar, må du utvisa stor varsemd i nærleiken av linjene våre. Me oppmodar utøvarane om å orientera seg om kor våre linjer går. Ta om naudsynt kontakt med  nettavdelinga for meir informasjon.
  • Skal du hogga skog nær linjer.

Linjerydding

Utifrå krav i forskrifter for elektriske anlegg  har Voss Energi plikt og rett til å utføra skogrydding langs  høgspentlinjer av tryggleikomsyn og for å unngå driftsavbrot. I år ynskjer Voss Energi å utføra noko meir sikringshogst  langs linjetraseane for å sikra oss meir mot trefall inn på linjene ved kraftig vind. Nettselskapa er sikra naudsynt tilgang til eigedomane for vedlikehald av luftleidningar gjennom standard tilknytingsvilkår og standard nettleigeavtale.

Spørsmål om rydding kan rettast til Voss Energi på tlf 56528300, eller e-post torivar@vossenergi.no

Trefelling

Felling av tre nær kraftlinjer

Voss Energi har eit ansvar for å hjelpa grunneigarar med felling og hogst der tre kan vera ein risiko for leidningsnettet. Der det er tvil om trefellinga utgjer ein risiko for nettet, skal Voss Energi kontaktast slik at me kan ta ei tryggleiksvurdering av tilhøva på staden.

Det er grunneigar/entreprenør som er ansvarleg for at nødvendige forskriftskrav og HMS-rutinar vert fylgde.

Ta gjerne kontakt med nettavdelinga for ei felles planlegging av arbeidsoppdraget.