Framsida > Informasjon > Feilhandtering

Feilhandtering


Ved feil - kven har ansvaret for kva?

Voss Energi har normalt ansvaret for el-anlegget fram til husveggen, medan alt på innsida av husveggen er ditt private anlegg. Difor er det viktig at du gjer deg kjent med ditt elektriske anlegg! 

Feil og manglar på ditt anlegg er ditt ansvar og må utbetrast av autorisert elektroinnstallatør.

I menyen nedanfor finn du meir informasjon om dette temaet.

Straumlaus?

Er det straumlaust i heile huset kan det ha fleire årsaker, mellom anna:

  • Jordfeilbrytaren er utkopla (les meir om jordfeilbrytar her)
  • Hovudsikring er defekt.
  • Inntakssikring er defekt. Dei står ofte på loftet om du har luftstrekk inn til huset ditt.
  • Feil på straumnettet til Voss Energi. Om det er tilfelle vil ofte naboane dine også vera utan straum.  Det vil vera til stor hjelp om du kan kontrollera dette før du ringer vår feilmelding.

Er det straumlaust i deler av huset kan det ha fylgjande årsaker.

  • Kurs-sikring i ditt sikringsskap er gått. Sikringar kan ryka over tid på kursar som har høg belastning. Syt for å ha reservesikringar og kast brukte sikringar. Hyppige sikringsbrot kan også skuldast feil (kortslutning) på ditt elektriske anlegg.    Har det skjedd, må du få ein autorisert elektroentreprenør til å kontrollera installasjonen din.
  • Har du 3-fase installasjon, kan ein defekt hovudsikring/inntakssikring føra til at du får 1/2 spenning på enkelte kursar i huset ditt.
  • Det kan også vera feil på ein av fasane på vår tilførselkabel ved 3-fase installasjon. (Dette vil også oppfattast som 1/2 spenning på enkelte kursar i huset ditt)

Ved feil ring feilmeldinga tlf 56528350 - bemanna 24 t / 365 dagar.

Varmgang eller gnistring

Merkar du varmgang eller gnistring i elektriske komponentar eller i sikringsskapet, slå straks av hovudbrytar eller skru ut hovudsikringane og tilkall autorisert elektroentreprenør.

For utbetring av feila ta kontakt med installatør.

Jordfeil?

Når jordfeilbrytaren slår ut, kan du lokalisera feilen ved å gå gjennom punkta under

  1. Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringen).
  2. Slå inn igjen jordfeilbrytaren.
  3. Kople inn ein og ein sikringskurs til jordfeilbrytaren koplar ut igjen.Du har no funne den sikringskursen som har jordfeil.
  4. Slå av/skru ut den kursen som det er feil på.Kopla jordfeibrytaren inn att.
  5. Slå av alle brytarar, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen og skru inn/slå på sikringen/automaten igjen
  6. Slå på eit og eit apparat igjen til feila oppstår igjen. Du har no funne det apparatet som er årsak til feila. La dette apparatet vera fråkopla.

For utbetring av feila ta kontakt med installatør.

Dersom du ikkje har jordfeilbrytar og du opplever at nokon for straumstøyt gjennom seg, må du kontakta installatør omgåande for å finna denne feilen.

Dersom installasjonen din er i orden, skal ikkje dette kunne skje. Det ville også vera ein god tryggleik om du får installatrøren til å montera jordfeilbrytar i anlegget ditt. Jordfeilbrytarane kan kopla bort ein feil som er under utvikling og som i verste fall kan resultera i brann eller at nokon får straum gjennom seg.

Varsling

Ved feil ring feilmeldinga tlf 56528350 - bemanna 24 t / 365 dagar.

Feil på gateljos

Voss Energi har ansvaret for drifting og vedlikehald av vegljos langs kommunale- og fylkesvegar

Dersom du oppdagar feil på gateljos, ber me deg melda ifrå på epost eller ringja oss 56528300.