Framsida > Informasjon > Nettselskap

Nettselskap


Det norske straumnettet er delt i tre nivå - sentralnett, regionalnett og det lokale distribusjonsnett.

Sentralnettet er hovudnettet i kraftsystemet. Dette nettet bind saman produsentar og forbrukarar i ulike deler av landet med kvar andre. Dette nettet omfattar også overføringslinjer mot utlandet. Statnett har ansvar for å utvikla, eiga og drifta sentralnettet.

Regionalnettet er bindeleddet mellom sentralnettet og det lokale distribusjonsnettet.

Det lokale distribusjonsnettet forsyner kundane våre med straum og tek imot straum frå småkraftverka.

Dei ulike nettselskapa eig og driftar regionalnettet og lokale distribusjonsnett, og har ansvaret for å føra fram straum til kundar innanfor sitt område.

Som kunde kan du ikkje velja nettselskap, slik som du kan velja kraftleverandør. Sidan netteselskapa opererer som monopolistar, er det strenge krav til inntektsregulering og nøytralitet frå myndigheitene.

Nettleige

Nettleige er det du betalar for å få frakta straum heim til deg, dvs. ein fraktpris pr. kWh som du som kunde brukar.

Myndigheitene fastset rammer for kor store inntekter nettselskapa kan ha.

Ut frå den tildelte innteksramma reknar kvart nettselskap ut nettleiga basert på ei vurdering av kor mange kWh som kundane kjem til å bruka i året som kjem.

Differansen mellom det berekna forbruket og det faktiske forbruket utløyser såkalla meir-/mindreinntekt. Nettselskapet skal tilpassa nettleiga for å styra meir-/mindreinntekta mot null over tid. 
Det vil seia at dersom det viser seg at det vert brukt mindre straum enn rekna med, vert nettleiga justert opp. Dersom det vert brukt meira straum, vil nettleiga verta justert ned. Nettselskapa får uansett ikkje meir nettleigeinntekter enn det som er fastsett frå myndigheitene.

Nettleiga dekkjer utbygging, drift, vedlikehald og vaktberedskap 24 timar / 365 dagar i året. 
Vårt ansvar er å syta for at alle i Voss kommune har straum, med så få avbrot som mogleg.  
Ein liten del av nettleiga går til å dekkja  tapet i nettet og vil såleis variera med forbruket. Men i all hovedsak kostar det det same å driva nettet uansett om det fraktast mykje eller lite straum. Dette er grunnen til at inntektsramma ikkje vert redusert sjølv om straumforbruket går ned.

Om lag halvparten av nettleiga er offentlege avgifter som me er pålagte å krevja inn på vegne av staten. Av kvar krone du betalar i nettleige går 50 øre til Voss Energi, 6 øre til regionalnett/sentralnett og heile 44 øre til staten i form av offentlege avgifter.

For meir om nettleigeprisar, sjå under privat og næring i menyen i toppen på sida.

Her er hefte for dei ulike nettariffane.

Anleggsbidrag

For å få ført fram straum til din installasjon (hytte, hus, industri, sag og liknande) må du betala den fulle utbyggingskostnaden. 

Dette gjeld ved ny nettilknyting eller ved forsterking av eksisterande nett fram til deg.

Anleggsbidraget skal fastsetjast uavhengig av det forventa energiuttak ditt. 
Anleggsbidraget vert sett lik nødvendige kostnader inklusive timeverk for personell, maskiner og utstyr.

For å få avklart forhold rundt anleggsbidrag for ditt prosjekt, må du ta kontakt med Voss Energi Nett. 
For å kalkulere størrelsen på evt anleggsbidrag, må me ha kart der installasjonen og omfanget av denne er innteikna.

Høve til å krevja anleggsbidrag er heimla i forskrift 302 av 1999 om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettverksemda og tariffar.

Nøytralitet

For at kraftmarknaden skal vera effektiv må konkurransen fungera. Difor er det eit skilje mellom den monopolregulerte delen og den konkurranseutsatte delen av verksemda. Difor har Voss Energi Nett og Voss Energi Kraft separate nettsider. Voss Energi Nett skal handsama alle kraftleverandørar nøytralt og Voss Energi Kraft har ikkje automatiske fordelar av å halda til i same hus som Voss Energi Nett. NVE utfører tilsyn med at krava til netteigars nøytrale opptreden vert overhalde. Les meir om skiljet mellom monopol og marknad på sidene til NVE.

Erstatning ved skade

Standard leveringsvilkår for forbrukarkundar og for næringskundar regulerer kva rettar nettkunden har ved forseinking og manglar. Forbrukarkjøpsloven gjeld også, med visse unnatak. Dersom årsaka til forholdet som har medført skade eller økonomiske tap er eit forhold innafor vår kontroll, så vil Voss Energi vera erstatningsansvarleg. Nettkunden må dokumentera det faktiske økonomiske tapet. Kvart enkelte tilfelle blir vurdert konkret.

Slik melder forbrukarkunden sitt krav

  1. Kontakt ditt forsikringsselskap, som vil føreta ei vurdering og eventuell taksering av skaden. Forsikringsselskapet vil generelt utbetala oppgjer raskare enn nettselskapet. Forsikringsselskapet vil så i ettertid krevja regress hjå Voss Energi.
  2. Du gjer jobben sjølv ved å undersøkja skaden og eventuelt får skaden taksert. Du legg så ut for reparasjonsutgifter og eventuelle gjenanskaffelsesutgifter. Du legg ved dine dokumenterte utgifter (kjøpskvitteringar, osv i eit krav om erstatning til Voss Energi. I kravet må du beskriva tidspunkt og korleis hendinga hadde skjedd. Me vil føreta ei avkortning for slit og elde for kvitevarer eldre enn 3 år, slik forsikringsbransjen gjer det. 

Slik melder næringskunden sitt krav

Nettselskapet må ha handla uaktsamt for at det skal bli tale om erstatningsansvar. Næringsdrivande har eiga avtale og erstatningsreglane her følgjer vanlege erstatningsrettslege reglar om aktløyseansvar. Utover dette gjeld tilsvarande regler med tanke på årsakssamanheng og krav til dokumentasjon av økonomisk tap.

Generelt

Voss Energi er ikkje erstatningsansvarleg for skadar som oppstår etter rettmessig stengjing av anlegget - for eksempel som følgje av manglande betaling.

Det kan av og til ta noko tid å kartleggja alle  faktiske forhold. Enkelte saker må difor påreknast noko lengre sakshandsamingstid.

Forbrukarkundar som får avslag kan klaga. Næringskunder har ikkje  tilsvarande høve til å klaga.

Erstatning til grunneigar

Voss Energi Nett byggjer og driv leidningsanlegg i Voss kommune. Me kjem i kontakt med mange mennesker, og det er viktig for oss at folk får tillit til oss og at me i praktisk handling syner at me tek dette på alvor. Vår målsetjing er ikkje at alle skal vera einige med oss, men at alle skal få riktig og rettferdig handsaming. Arbeidet er utfordrande av di me påfører eigedomane eit hefte utan at grunneigar ser direkte nytte av tiltaket. Heile prosessen kan opplevast som ei belastning for grunneigar, som kanskje ikkje ynskjer å ha desse anlegga på eigedomen eller som føler usikkerheit om kva rettar han eller ho har som grunneigar.

Er du grunneigar og har spørsmål til oss om dette, så ta kontakt med nettavdelingen på tlf 56 52 83 00 eller kundemottaknett@vossenergi.no

Kompensasjon avbrot

Frå 2007 har nettkunde krav på tilbakebetaling frå nettselskapet ved avbrot over 12 timar. For avbrot over 72 timar vert det gjeve eit standardisert tillegg for kvar nye påbegynte 24-timars periode avbrotet varar. Nettkunden må fremja skriftleg krav innan rimelig tid etter at normal forsyning vart gjenoppretta (klikk på link til skjema, eller ring oss dersom du vil ha skjema tilsendt pr post).

Dersom forsyninga er ustabil etter gjeninnkopling, reknast avbrotet som samanhangande dersom straumen er tilbake mindre enn 2 timar mellom kvart avbrot. For fritidsbustader kan det ikkje krevjast meir i utbetaling enn forventa årleg nettleige.

Dersom sluttkunde har fleire enn eitt målepunkt og dermed to tilknytningsavtalar med Voss Energi, er sluttbrukaren likevel å rekna som ein kunde, og har dermed rett på kompensasjon for eitt målepunkt. Det målepunktet som gir høgast kompensasjon skal leggjast til grunn.

For fritidsbustader kan det ikkje krevjast meir i utbetaling enn forventa årleg nettleige inneverande år, der "inneverande år" vert definert av datoen avbrotet fann stad.


Satsane for utbetaling er:

kr 600 fra 12 til 24 timar
kr 1 400 fra 24 til 48 timar
kr 2 700 fra 48 til 72 timar
+  kr 1 300 for kvar påbegynt 24-timars periode

Klage

Dersom du vil klaga til oss, må du gjera dette skriftleg. Alle forbrukarkundar kan påklaga eit vedtak eller avslag om erstatning til Elklagenemnda. Les meir om dette på nemndas heimeside www.elklage.no

Næringskunder har ikkje tilsvarande høve til å klage.