Næring


Voss Energi Nett har omlag 1500 næringskundar.

Aktuell informasjon for næringskundar finn du nedanfor.

Kundeweb

Klikk på Straumkontoen oppe til høgre.

For å logge deg på treng du kunde nr. og målepunkt ID. 
Dette finn du på faktura eller målaravlesingskort frå oss. 

På Straumkontoen finn du dei opplysningane me har registrert om verksemda di, dine avtalar, forbrukshistorikk, økonomioversikt og kopi av fakturaer. Her kan du også registrere målaravlesning elektronisk.

Målaravlesning

Liten næring

Kundegruppe liten næring (med forbruk under 100 000 kWh pr år) skal lesa av og rapportera inn målarstand 6 gonger i året.

Målaravlesingsdatoar er: 1/1 - 1/3 - 1/5 - 1/7 - 1/9 - 1/11.

1. For å registrera målaravlesing på web

Logg inn på Kundeweben . Dersom det er fyrste gongen du gjer det, så må du laga deg ein ny profil.

No er det endå enklare å levera målarstand via sms. Alt du treng å gjera er å svara med målarstanden på sms'en som du får hjå oss.

2. Målaravlesing på sms (du kan gjerne ringa oss også, så legg me inn sms-tenesta for deg)

Ring oss på 56528300 eller logg deg på kundeweben for å bestilla dette.

3. Du kan og ringja gratis grøn telefon 800 83 133. Dette berre om du ikkje er registrert for målaravlesing på smsm eller e-post.


Stor næring

Kundegruppe stor næring blir automatisk avlest time-for-time, og får rekning kvar månad.

Faktura

Betaling og faktura

Alt forbruk av straum vert fakturert på etterskot.

Kopi av tidlegare fakturaer finn de ved å logga inn på Straumkontoen. For spørsmål knytta til betaling, ber me om at du kontaktar kundeavdelinga på tlf. 56528300.

Nettleige

Dei fleste tariffane er todelte og består av eit årleg fastbeløp og eit energiledd i øre/kWh.  

Nokre tariffar er tredelt og består av fastbeløp, energiledd og effektledd. 
Det er storleiken på sikringane som bestemmer kva type nettariff anlegget skal ha.

1. januar 2018 vert nettleiga redusert for å tilpassa samla nettinntekt i høve til fastsett inntektsramme for nettverksemda. Sjå under for ny prisliste. 


Prisliste 1.januar 2018

Offentlege avgifter i 2018 er:

  • Enova-bidrag: kr 800 pr år øre/kWh.
  • Forbruksavgift: 16,58 øre/kWh.
  • MVA: 25%.

Prisliste 1.juli 2017

Offentlege avgifter i 2017 er:

  • Enova-bidrag: kr 800 pr år øre/kWh.
  • Forbruksavgift: 16,32 øre/kWh.
  • MVA: 25%.

Prisliste 1.januar 2017

Offentlege avgifter i 2017 er:

  • Enova-bidrag: kr 800 pr år øre/kWh.
  • Forbruksavgift: 16,32 øre/kWh.
  • MVA: 25%.

Flyttemelding

Flyttar eller avslutter verksemda di, ta kontakt med oss på kundemottaknett@vossenergi.no med opplysningar.

Leveringsplikt

Verksemder må aktivt velja kraftleverandør.

Standardvilkår

Fylgjande to avtalar definerer våre standard leveringsvilkår mot næringskundar:

Leverandørbyte

Det er kostnadsfritt å byta kraftleverandør. Når de ringjer Voss Energi Nett vil våre kundehandsamarar gje dykk nøytral rettleiing om dette.

Ta kontakt med ein kraftleverandør snarast og hugs å ha fygjande opplysningar klare når du skal inngå kraftleveringsavtale:

  • Namn på verksemda
  • Foretaksnummer
  • målepunnkt ID (sjå faktura)