Privat


Voss Energi Nett har om lag 8600 privatkundar. Alle straumkundar på Voss vert automatisk kunde hjå Voss Energi Nett. Me transporterer straumen heim til deg. Du må sjølv velja kven som skal vera din kraftleverandør. Ta eit aktivt val og unngå å betala ventetariff.

Kundeweb

Klikk på Kundeweb oppe til høgre. Dersom du ikkje har nytta denne før, så må du registrera deg med ein ny brukar. Då er det viktig at me har den korrekte e-postadressa di i systemet vårt. Er du usikker på dette, så ta gjerne kontakt med oss på 56528300 for å stadfesta dette. Du vil også kunne få PIN-koden din hjå oss. 

På Kundeweb finn du dei opplysningane me har registrert om deg, dine avtalar, forbrukshistorikk, økonomioversikt og kopi av fakturaer. Her kan du også registrera målaravlesing elektronisk. 

Personvern Me registrerer berre opplysningar som er naudsynte for å kunna levera straum til deg. Me har tausheitsplikt og handsamar opplysningane i samsvar med krava i Personopplysningslova. 

Du kan føla deg trygg når du besøker våre sidar, all personlig informasjon vert handsama på ein sikker måte.

Målaravlesning

Privatkundar blir målt og avrekna seks gonger i året: 

Målaravlesingsdatoar er: 1/1 - 1/3 - 1/5 - 1/7 - 1/9 - 1/11. 

1. For å registrera målaravlesing på web Logg inn på Kundeweben med kundenummer og målarpunkt-ID. 

No er det endå enklare å levera målarstand via sms. Alt du treng å gjera er å svara med målarstanden på sms'en som du får hjå oss. 

2. Målaravlesing på sms (du kan gjerne ringa oss også, så legg me inn sms-tenesta for deg) Ring oss på 56528300 eller logg deg på kundeweben for å bestilla dette. 

3. Du kan og ringja gratis grøn telefon 800 83 133. Dette berre om du ikkje er registrert på sms eller e-post.

Faktura

Forfallsdato
Alt forbruk av straum vert fakturert på etterskot. Straumrekning til bustadkundar og hyttekundar har forfall 10. februar, 10. april, 10. juni, 10. august, 10. oktober og 10. desember. 

Efaktura og avtalegiro
E-faktura og avtalegiro tingar du i nettbanken din. For å tinga dette treng du efakturareferansenummer og KIDnummer for avtalegiro, båe finn du på straumrekninga di. Alternativt kan du ringja kundevadelinga. 

Betaling
Dersom du ynskjer å betala inn ekstra utanom forfallsdato/ordinær straumrekning, kan du gjera det utan KID til konto 3480.11.27128. Hugs og merk innbetalinga di med namn og kundenummer. Me trekkjer ifrå det du har betalt inn på neste straumrekning.

Betalingsutsettjing
Vil du ha utsett betalingsfrist må du be om dette før rekninga har ordinært forfall. Fyll ut skjemaet under så høyrer du frå oss raskt.

Dersom du er à jour med alle tidlegare rekningar, kan du få utsett betalingsfristen for halve rekninga med inntil ein mnd. Det betyr at du kan betala første halvdel innan ordinært forfall og neste halvdel ein månad seinare. På avdraget betaler du morarente.

Åpne skjema for betalingsutsettjing

Nettleige

Nettleiga til private er todelt og består av eit årleg fastbeløp og eit energiledd i øre/kWh.

1. januar 20181. juli 2017
Årleg fastbeløp inkl. mva.Kr. 3 125Kr. 3 125
Energiledd inkl. offentlege avgifter42,00 øre/kWh44,15 øre/kWh

Nettariffane vert redusert med verknad frå 01. januar 2018 for å tilpassa samla nettinntekt i høve til fastsett inntektsramme for nettverksemda. Her kan du lesa meir om korleis nettleiga vert fastsett. 

Offentlege avgifter er frå 01.01.2018:

  • Enova-bidrag: 1,0 øre/kWh.
  • Forbruksavgift: 16,58 øre/kWh.
  • MVA: 25%.

Flyttemelding

Skal du flytta inn og overta ein leveranse?
Fyll inn dette skjemaet og send til oss, så har du teikna avtale om nettleveranse. Hugs at du også må inngå skriftleg kontrakt med ein kraftleverandør. 

Skal du flytta ut og avlutta ein leveranse?
Fyll inn dette skjemaet og send til oss, så vert avtalen avslutta

Leveringsplikt

Din leveranse består av to delar, ein monopolregulert del (nettselskap) og ein konkurranseutsatt del (kraftleverandørar). Dette inneber at du må inngå avtale både med Voss Energi Nett og med ein kraftleverandør. Det er kostnadsfritt å byta kraftleverandør. 


Du må inngå skriftleg kraftleveringskontrakt med ein kraftleverandør. Dersom du ikkje har inngått slik kontrakt, vil Voss Energi Nett levera kraft til på leveringsplikt. Du får då eit særskilt brev om dette frå Voss Energi Nett, med ei oppfordring om snarast å inngå skriftleg kontrakt med ein kraftleverandør. 

Medan du er på leveringsplikt blir du avrekna slik:

Dei fyrste 6 vekeneSpot + 6,25 øre/kWh inkl.mva.
Etter dei fyrste 6 vekeneSpot + 10,00 øre/kWh inkl.mva.

Dei fyste 6 vekene Spot + 6,25 øre/kWh inkl mva Etter dei fyrste 6 vekene Spot + 10,00 øre/kWh inkl mva Prisinga av leveringspliktig kraftleveranse er regulert av NVE.

Standardvilkår

Fylgjande to avtalar definerer våre standard leveringsvilkår mot forbrukarar:

Tilknytingsavtale
Nettleigeavtale

Leverandørbyte

Informasjon om leverandørbyte finn du ved å fylgja denne linken.